Om Målar Holme A/S
Sogn og Fjordane Bygg as vart etablert av Jon Erik Holme i 2012 og endra i 2024 namn til Målar Holme AS. Jon Erik Holme er 3 generasjons målar og har vore med både bestefar Eilert Holme og far Edvin Holme på målararbeide sidan han var nokre få år gammal.
Erfaring frå målaryrket sidan 1995 har gitt Målar Holme AS kunnskapen til å utføre ein jobb sikkert og med god kvalitet. Me har brei kompetanse og lang erfaring med både timearbeid og store og små prosjekt.
Me har arbeidarar i firmaet som er godkjend for arbeid i våtrom (BVN).
Målar Holme A/S har i dag sju tilsette som tek på seg oppdrag i Sogn og Fjordane, Hemsedal/Valdres og Søre Sunnmøre.